Forlaget skriver om denne boka: Maken til denne diktantologien har vi ikkje sett før. Her følgjer vi utviklinga i liv og dikt frå Halldis Moren og Tarjei Vesaas møtest og skaper heimen sin på Midtbø i Vinje. Boka er bygd opp over livsløpet til dei to diktarane, og vi får eit innblikk i skriving og samliv, og i synet deira verdssituasjonen, naturen, livet og døden. Dikta er stilte opp saman med prosastykke der forfattarane fortel om situasjonen rundt sitt eige dikt - eller kommenterer det den andre har utført. Sonen, Olav Vesaas, som har redigert antologien, har bunde det heile i hop med opplysande merknadar. Dei autentiske prosastykka kastar lys over dikta, slik at dei står fram på ein ny måte.