Forlaget skriver om denne boka:
Eit rikt utval av Halldis Moren Vesaas sine prosastykke, forteljingar, reisebrev, epistlar, sjølvbiografiske minne - og essays og artiklar om andre forfattarar og deira dikting. Somme har vore utgitt i bokform før, som novellesamlinga Så nær deg og essaysamlinga Sett og levd. Men mykje er òg tatt inn frå blad, tidsskrift, aviser og ulike samlingar.