Forlaget skriver om denne boka: " Øystein Hauge har funne sin plass i norsk lyrikk og litteratur med korte, leikne dikt og aforismar som vågar mykje, og som er både spøkefulle og alvorsame.
I Radiodikt utviklar Hauge den konsentrerte forma frå haiku-samlinga Grønt (2000) og samlinga Bare (2002).
No leikar Hauge med nostalgien, han vitjer folkeminna, ordtaka og ønskedikta, og prøver òg å nærme seg det som ikkje kan seiast, gjennom enkle bilete og overraskande samanstillingar.
Øystein Hauge ( f. 1956) debuterte i 2000 med haikusamlinga Grønt. Radiodikt er hans tredje diktsamling.