Forlaget skriver om denne boka:
Evna til å skrive så mykje som muleg på minst muleg plass, er eit klassisk kjennemerke for kvalitet, uansett skriftform. I fleire av bøkene sine har poeten Øystein Hauge demonstrert meisterskap en sin i akkurat dette, og i årets diktsamling, Stilleben, gjer han det igjen.
Kan ein fryse fast livet i ein avgjerande augeblink? Kan ein lodde djupet i historia til eit menneske i eitt bilete? På fire korte linjer malar han fram store drama, skuggelagte minne, svart sorg og tapt kjærleik, alt dyppa i Øystein Hauges særeigne kjensle for fargar og lydar, lukt og smak.