Det er for barn og unge Einar Økland har skrive flest noveller, og dei har vore etterspurde i fleire år. Dette utvalet med "greatest hits" for ungdom blir eit gledeleg gjensyn for dei eldre og ei spennande oppdaging for nye lesarar.
Novellene har stor spennvidde både i innhald og lengde; her er fablar og idyllar, surrealisme og nitid realisme, sentimentalitet og råskap. Ofte handlar det om unge som kjem gjennom konfliktsituasjonar med nye innsikter men desse må lesaren sjølv rekne ut. På sine eigne finurlege måtar vil Økland aller helst stimulere til nye tankar og gjerne skape nye gåter. Ein kan lese han om att og om att, noko nytt vil ein finne kvar gong.