Ho er ei kvinne med umetteleg forstand, og fordi det på hennar kantar aldri har vore særleg mykje å forstå, er ho blitt rastlaus. Ho tykkjer ofte livet er kjeisamt. Kan ikkje forstå at dei andre ikring henne greier seg med så lite. Derimot forstår ho betre og betre at det vesle ho tidlegare såg på som kjærkomne forandringar og gledelege fornyingar, berre var ei polering - eller rettare ein slitasje - på det som hadde vore det heile tida frå før. Vi ser det på henne.
Tautologisk
Fisken som er fisk
har alltid vore fisk
vil alltid vere fisk
når den er fisk
Vatnet som er vatn
har alltid vore vatn
vil alltid vere vatn
når det er vatn