Forlaget skriv om denne boka: Ei poetisk bok med enkle, jordnære ord om vennskap og kjærleik, ein tekst som leikar med rim og rytme. Ei bok for den som kan gle seg over det som skjer her og no, eller for den som kanskje hugsar dagen for 30 år sidan betre enn dagen i går. Saman med fotografia lokkar teksten fram minne og draumar om det å vera glad i nokon.