Forlaget skriver om denne boka:
"Skal du inn til vampyren? Veit du ikkje at han har døde ungar i kjellaren? At han et dei til middag før han knaskar fiolinane deira til dessert?"
Daniel snudde seg og så han høge i sjuande nærme seg. Han hadde raude krøllar, frekner og var i eit irriterande godt humør.
Daniel lét som ikkje noko.
"Veit du ikkje at han er eit spøkelse? At han har vore død i mange år, men berre går igjen for å hemne seg på gutar som spelar fiolin?"
Dei andre lo.
Og med eitt var dei over han.
Berre Daniel kjenner Bård Skihus, den gamle fiolinisten som bur langt inne i skogen i eit lite raudt hus. Og berre Skihus kjenner Daniel, som kan spele fiolin, men som enno ikkje har nokon å spele for. Hundre appelsinar og ein fiolin handlar om musikk, vennskap og stabeist som ikkje gir seg så lett.