Forlaget skriver om denne boka:
JUBILEUMSBOK MED LYRISKE STYKKE
I dei freidige, uslipte, inkluderande, avrunda og kantete dikta i Vandreduene ligg heile forfattarskapen til Einar Økland i kim. Boka kom ut i 1968, men desse vengetaka framstår friske også i 2009. Dette er ei ny utgåve i høve Einar Øklands 70-årsdag, med etterord av forfattaren.
«Alt eg seinare har skrive, tykkjest ha sprunge ut frå teksttypane i Vandreduene, som om boka var ei arkivmappe med fleire rom der inspirasjonar, skrivemåtar, tematikkar o.a. har sine respektive lommer.»
(Einar Økland: Etterord 40 år seinare)