Forlaget skriver om denne boka:
Predikanten.
I den nye boka til Øystein Hauge har dikta fått ei mørkare og meir alvorleg klangbotn enn i tidlegare diktsamlingar. Forma er framleis korte dikt på fire linjer, og vi kjenner att dei lysande, sanselege bileta, men dei rommar kanskje enno meir, og opnar opp for større perspektiv.
Dikta synar ein kamp mellom lys og mørke, mellom det sanselege og livshungrige på den eine sida, og tungsinn og askese på den andre.