Torvald Sund blandar alvor og skjemt i ein fengslande roman med tydelege tidsbilete av fargerike menneske, ein by, ein kultur og eit land med sterke brytningar. Språket står i ei særstilling, og forfattaren sjonglerar meisterleg og detaljert mellom nynorsk og bokmål, bygdemål og trondhjemsk, i både forfina og meir folkeleg form. Tittelen på romanen er i seg sjølv ein dialektvariant. Nære og vare episodar blir brote opp av burleske opptrinn, noko som gjer romanen til ein sann svir å lesa.
. - God, leselig skrift
. -
329 kr