Eg og Even skal vera aleine og kose oss. Ikkje sant, Even? sa Gaute og kika lurt på meg. Eg nikke, men kjente meg plutseleg så rar. Kunne eg lite på det feite gliset han gav meg? Det var da veldig som han endra seg på kort tid. Her hadde han gått og snerra i fleire dagar, og no logra han.
Storebror Gaute finn på dei mest utrulege ting, og Even på elleve er ikkje trygg på han alltid. Likevel er det kjekt å ha ein storebror når skolen er eit ork og læraren er urettferdig. Ein storebror som får Even til å le og som ser ting på ein ny og uvant måte, og som dessutan er uvanleg god til å spele fotball.