Norvald Tveits bok om Jakob Sande er ikkje ein litterær vurdering av diktaren sitt livsverk, men ei bok om diktaren og hans miljø: korleis miljøet ikkje bare lever i diktinga, men også påverka diktaren i livssyn, forteljeform og biletbruk - og som kvardagsmenneske.
Jakob Sande vaks opp i første delen av hundreåret og fekk sine miljøinntrykk først og fremst fra førre verdskrigen og framover til han debuterte i 1929. Nordvald Tveit har freista sjå miljøet på den tid slik det måtte fortone seg for ein ung, radikal diktar. Livsvilkåra for dei fleste var harde, og boka prøver å syne kvifor ein mann med Sandes syn - eller tvisyn - måtte bli ein motstandar av dei "store og heilage menn" og ein varm talsmannfor dei små i samfunnet. Men der også lett å forstå at ein mann med det same tvisynet, med sin vestlandske sans for humor og si glitrande evne til infam formulering, måtte ha eit vake og tirande auge for situasjonskomikken i dette miljøet.