Den rikt varierte Vestlands-humoren er saltare og meir burlesk enn humoren nokon annan stad i landet, hevdar forfatteren. Så har den også vakse fram i ein "merkeleg atmosfære av fanatisk tru og mørkemannstru og overtru og heidenskap, av mistankar og sjalusi og ein aldri slumrande faenskap". Det er ein måte å overleve på, sei ein i denne boka, som er full av kostelege historier og gode replikkar.