Tredje delen av verket Brødet frå havet. Sentralt denne gongen står arbeidet til Anna Gyria som aktiv hjelpar i den avstengde bygda. Ved ein fødsel i grannelaget bergar ho barnet, men mora døyr, og etter kvart blir skulda for dette lagt på Anna Gyria, som blir sett på ei prøve som krev det aller ytste av styrken hennar.