Forlaget skriver om denne boka:
Enka Tea bor i ei grend i det indre Västerbotten. Ho er svært fattig, og prisen for fattigdomen sin må ho betale med sin eigen kropp til handelsmannen. Forteljinga om lagnaden hennar er lagt i munnen på sonen Jani. Han fortel om skuld og krav som går nådelaust i arv, men som til slutt vert sletta - og om musikken, den vidunderlege musikken frå eit orgelharmonium.
Med Ormsvegpåberget vart Torgny Lindgren med eit slag rekna som ein av Sveriges største forfatterar. Boka vart innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris for 1982.