Fangenskap det kan vera mangt. Ti-elleve årige Sverre kjenner seg som fange etter at han har flytta frå tronge rom i sentrum til eit nytt hus nokre kilometer unna. Foreldra slit med arbeid og med avdrag som skal betalast og kjeklar. Sverre kjem i ny klasse og misser kontakten med gamle kameratar. Og kven kan samla seg om skulearbeidet når livet kjennest tomt og gledelaust? I den nye klassa finn han ingen vener. Deis som bur nærast er Solvor og Åsfrid, jenteheksene. Så får Sverre i varetekt ein fange av eit anna slag, ein ørliten fange bak sprinklar. Då tek mangt til å henda, både i Sverre og kring han.