Forlaget skriver om denne boka:
JOSTEIN KROKVIK, som rundar 80 år i januar 2007, debuterte med romanen Fangevaktaren i 1969 og hev sidan den tid gjeve ut i alt 27 bøker.
Klokkevisaren er den tredje lyrikkboki hans, ei diktsamling rik på litterære allusjonar og med tematisk konsentrasjon kring livet som gjeng mot slutten og dauden som ventar bak dei siste blånar, i det gåtefulle grnselandet for vår eksistens.
SKYMINGI
Skuggane vert lange
i den mjuke skymingi
som varslar
at kvelden og den djupe natti
ventar
på å strjuka ut dagsens dårskap
med mildt myrker