Hanne er i 10-11-årsalderen og bur med foreldra sine nær sjøen ein stad nord i landet. Dagleg går Hanne på nåler for to ting: at pappa skal drikke for mykje, og at mamma skal ha vondt i hovudet. Det ser mest ut som ho tenkjer meir på dei enn dei tenkjer på henne. Hanne er så redd for at pappa skal døy før han blir 40 år, for det har tante Gunnhild sagt. Og no er det ikkje lenge til.
Venninna til Hanne heiter Trine, og dei to går i fjæra og leitar opp måsereie med egg i . Ærfuglreir finn dei og. Då gjer Hanne noko som ho ikkje tør fortelje til Trine, men det skal bli ei overrasking til pappa. Berre han lever til 40-årsdagen er over&