Runar er ein livsglad, aktiv unggut som blir ramma av sjukdom. I førstninga får han motstridande meldingar frå legar og sjukehus, og han og hans nærmaste svevar i stadig uvisse, svingande mellom fortviling og håp. Men etter kvart står den brutale sanninga der: Runar har blodkreft. Sjølv har Runar ein ukueleg livsvilje og er ofte den som må oppmuntre familien og venner.