Dei fire novellene i denne samlinga tek alle føre seg tilhøvet mellom menneske som står kvarandre nær, den hårfine balansegangen mellom å være nær, uten å være for nær ... Det gjeld tilhøvet mellom foreldre og barn - særleg mor og dotter, men også mellom ektefellar. Med pannelugg er ei fin og var barneskildring. Tittelnovella skildrar ei mor som er vitne til dottera si første store elskhugsoppleving. I Kore møter eit eldre ektepar omsider kvarandre etter å ha levd eit svært distansert samliv. Siste sandkorn handlar om dødslega til ei mor - om det samansette tilhøvet dei to ulike døtrene har til kvarandre.