Finn likar å finna opp ting. Det er kjekkare enn å leika med dei etterpå. Så samler han på mangt som kan koma til nytte, slik som den sundslegne oselvaren han fann i fjøra. Far hans har fått datadilla, og mor står ute i verkstaden sin med hemmelege smil. Dei bur åleine på ei lita øy. Der er ingen ungar å leika med, men no nærmar det seg 10-årsdagen til Finn, og heile klassen skal koma på besøk for første gong. Finn både gler og gruar seg.