Donna Q og Frida F er gode venner. Det er Frida F som skriv dagbok. F står for fredeleg og forvirra. Kvar dag i januar skriv ho i dagboka og startar med eit sitat. Mykje skjer i løpet av ein månad. Det største jordskjelvet følgjer med ein basketball-spelar ved namn Jim, som får tilnamnet L. Donna Q ser på Frida som håplaus, og Frida ser på Donna Q som idiot - det er derfor dei er så gode venner, trur Frida. Donna Q og Frida har kvar si "funksjonshemming" i forhold til gutar, som Frida kallar det i dagboka si. Frida er altfor god i matematikk, og Donna Q er så hissig og frekk at ho skremmer både lærarar og gutar. Likevel er det gutar nok i denne boka, og ikkje alle let seg skremme så lett ...