Forfattaren trudde at forteljinga skulle spretta ut av blyanten heilt av seg sjøl, ei fin fortelling om Dustefjerten som budde attmed bekken. Men han blei berre surare og surare, sjøl om han spiste fleire kilo marsipan og hade tre sylspisse blyantar. Den dagen Dustefjerten snubla i ein spade, var det mykje som blei annleis. Først var det nokon som ropte om hjelp og han la på sprang. Der låg spaden på lur, han snubla og så tar forteljinga til. Vi får lese om Dustefjerten og egget og Holesnusken og dei andre som budde attmed bekken. No sit forfattaren på ei aude øy og slankar seg.