Dustefjerten og dei andre som bur attmed bekken, ser ikkje nett lyst på tilværet. Oktava blir lei av å sjå dei triste fjesa til venene sine, og foreslår at dei skal lage eit teater og bli varm om hjarta. Oktava skal vere heks, og Bollefisen skal vere prinsesse som blir skapt om til frosk. Dustefjerten skal vere prinsen som kysser frosken slik at han blir ei prinsesse att. Kavringgreven må vere konge og andungen spele frosk. Her er mykje underfundig humor, og boka høver godt til høgtlesing.