Fjorten år gamle Live er utvald til å fri verda frå den fælslege sjukdommen som får menneska til å størken til tre. I Dorchadas, det ytste mørkret, skal ho møta Lethbeo, den halvlevande, som spreier Sjukdomen. Ferda går gjennom uhyggelege landskap fylte med farar, folka med uverkelege skapningar. Få av dei kan ho lita på.