Forlaget skriver om denne boka: "Den tradisjonelle lokale klededraktaa "dåsaklede", som ho vart kalla i Ål og Hol i Hallingdal, held seg lenger her enn i dei fleste andre folkedrakt-område i Norden. Med utgangspunkt i eige feltarbeid gir forfattaren ei detaljert skildring av dåsaklede-bruken slik han var i 50-åra. Ho gjer greie for korleis plagg og bruk endra seg på vegen frå tradisjonell draktskikk til samtidig motedrakt. Ho drøfter også forholdet mellom dåsaklede og dagens bunad. Spørsmåla er av prinsipiell karakter og gyldige for område med ei liknande utvikling som den i Ål og Hol. Boka er rikt illustrert med biletserie av påkledningsmåtar, mønsterteikningar og fotografi."