«Flintoe var lenge miskjent eller på det nærmeste glemt. Det er gledelig at også hans folkedraktbilder omsider får den oppmerksomhet de fortjener,» skriv museumsdirektør Reidar Kjellberg i eit forord til denne boka.
Johannes Flintoe var ein av dei første kunstnarane som interesserte seg for våre folkedrakter, og han har etterlate seg 22 akvarellar der folkedraktene er hovudmotivet.
Denne boka omfattar alle Flintoes kjende folkedraktakvarellar, og er såleis ein fullstendig monografi i sitt slag. Akvarellane er attgjevne i fargar, og i tillegg er det ei mengd illustrasjonar i svart-kvitt.
Akvarellar og teikningar av dette slaget er eit overlag viktig kjeldemateriale for studiet av folkedraktene i eldre tid. Men ikkje alle kunstnarane er like pålitelege som historisk kjelde. I sine kommentarar drøfter forfattaren, konservator Aagot Noss, dette spørsmålet, og viser at Flintoe i så måte var ein samvitsfull kunstnar.
Aagot Noss er konservator på Norsk Folkemuseum og står i dag som vår fremste kjennar av norske folkedrakter.
Det er tanken at det skal kome fleire slike monografiar i serien Norske Folkedrakter, m. a. bøker om Joachim Frich og Adolph Tidemand og om J. G. Grunds statuar i Nordmandsdalen ved København.