Eg førte den svarthåra jenta ut på dansegolvet. Eller ho førte meg. Ho klemde meg inntil seg. Eg sat heilt fast! Om det hadde vore plass, hadde eg strekt venstre armen ut, slik bror min har lært meg - det femte grepet. Men eg greidde det ikkje. Den svarthåra jenta var for sterk. Det var ho som bestemte. - Om du trur eg er kommen hit for å danse, kviskra ho til meg, - så tek du feil!
Eg-personen skal på sin første skoledans. Og den eldre broren har lært bort eitt og anna knep. det er fint å ha ein storebror som trener vekter, lever sitt eige liv og veit korleis ein skal halde jenter på dans. Men ein veslebror kan og vere god å ha når ein storebror rotar seg opp i skumle affærer ...