Forlaget skriv om denne boka:
Aud og Natalia går i same klasse. Mor til Aud har forbode henne å gå heim til Natalia, men Aud trassar forbodet. Om kvelden listar dei to to jentene seg opp på rommet og dansar. Mor til Natalia har nemleg vore ballettdansarinne, og det vil også Natalia bli.
Det er mens dei dansar Aud oppdagar ein løyndom heime hos Natalia, og om den må ho love å teie. Men det som skal teiast om, blir farlegare og farlegare.
Til slutt kjem ikkje Natalia på skolen meir. Da begynner mor til Aud - heilt uventa - å sende Aud heim til Natalia. Slik finn ho ut av den grufulle løyndommen.
Kattespranget er ei spennande bok om vanskeleg vennskap - nifs og varm.