Hardanger, 1850-talet. I prestegarden rår konfliktane mellom presten Parelius og drengen Peder, og involverer kvinnene, prestefrua Hannah Frøydis og tjenestejentene Birta og Karina. I dette bandet av livssyklusen Fedrane blir ikkje minst bindinga mellom presten og drengen hans utdjupa, for no treng Parelius Peder til å skjerma fylgjene av ekteskapsbrotet sitt. Medan presten på si side har hand om drengens liv, for om mogeleg å setja han fri frå å leva i synd i all framtid. Men drivkrafta er kjærleiken, hjå begge mennene.