Forlaget skriv om denne boka: Ei fin og gripande bok om vennskap, og om korleis det er når ein bestevenn går bort.
Mor og far er ikkje berre glade for at Nora er så mykje saman med Liv, den ville og opprørske jenta som trassar alt og alle, slåst med gutane og spelar fotball minst like godt som dei. Men dei to jentene er bestevenner, og ingen skal nekte Nora å vere med Liv!
Så ein dag er Liv borte frå skolen, og Nora får vite at ho har blitt alvorleg sjuk. Nora besøkjer henne på sjukehuset, og alvoret i situasjonen fører dei to jentene endå tettare saman. For det er berre ein utgang på den sjukdommen Liv har fått...