Forlaget skriv om denne boka:
Emma går i sjette klasse og har nettopp fått ei lita veslesøster. Mor må ta seg så mykje av den nyfødde jenta at ho slit seg heilt ut, blir deprimert og må reise bort på kvileheim.
Sidan far er mykje på jobben, er det ekstra fint å ha ei god venninne i nærleiken. Men vennskapen blir sett på harde prøvar, Karoline blir kjærast med den nyinnflytta klassekameraten Lars, ein gut Emma også har eit nært forhold til. Emma føler seg ganske så aleine i verda, utan mor, utan far og utan besteveninna Karoline. Men ein dag får ho vite ein stor løyndom av Lars som er på besøk berre hos henne...