Forlaget skriv om denne boka: Jim Hawkins, den fattige sonen til ein engelsk vertshushaldar, har fått eit ekte skattekart mellom hendene. Det viser kvar den store gullskatten til sjørøvarkaptein Flint ligg skjult.
Jim legg ut på ei eventyrleg og spennande reise med skuta "Hispaniola" for å finne sjørøvarøya i Stillehavet og hente heim den skjulte skatten. Men det er fleire som er ute etter skatten, og Jim skjønar etter kvart at mange av mennene på "Hispaniola" er sjørøvarar sjølve. Dei ventar berre på den rette augneblinken for å drepe Jim og vennene hans, og røve til seg skatten!
Denne boka er ei av dei verkeleg store, klassiske barnebøkene i verdslitteraturen. Den er lesen av mange millionar barn og er like spennande i dag som då den kom ut for meir enn hundre år sidan.