Forlaget skriver om denne boka:
"Ein debutroman med eit presist og stilsikkert språk i grenselandet mellom roman og novellesamling.
Korleis lever minna vidare i oss? Inger og bror hennar veks opp i ei bygd saman med ein alkoholisert far og ei mor som til slutt ikkje vil meir. Ho reiser frå dei. Faren, derimot, veit ikkje korleis han skal leve sitt eige liv. Og til slutt tek han det. Han druknar i bilen etter å ha køyrd av vegen. Med denne hendinga lever familien vidare. Mor treng å vere for seg sjølv, og reiser til ei øy ved irskekysten. Inger og broren flyttar inn til byen, møter andre, finn kjærleiken, og mistar han. Broren legg ut på eigne reiser, mellom anna til Europa, Vietnam, USA. Men heile tida ligg fortida like under overflata. For minna om faren formar dei som er att. Men er dei avgjerande? Er det dei som til slutt seier kven Inger og broren er? Ingen skal sove i natt er ein roman om menneska og minna deira, og om korleis det er mogleg å velje sitt eige liv.Øyvind Vågnes (f. 1972) er stipendiat ved engelsk institutt ved Universitetet i Bergen. Ingen skal sove i natt er debutboka hans."