Eit forfattarsenter skal byggjast i samband med det store Vesaas-jubileet i Vinje i 2017. Jon er ekspert på forfattarskapen til Tarjei Vesaas og invitert til å vere med på utforminga av senteret. Men det er stor strid i arbeidsgruppa. Skal dei lage eit senter som ærer litteraturen og historia, eller bør dei tilpasse seg den moderne opplevingsindustrien? Samstundes skal Jon skrive ein biografi om Vesaas. Avtalen med forlaget er i orden, bøkene studerte og arkiva saumfarne. Men Jon klarer ikkje å skrive. I eit forsøk på å hente inspirasjon blar han opp i Vesaas-bøkene han arva etter farfaren. Men i staden for å oppdage nye sider ved forfattarskapen får Jon eit overraskande innblikk i eit skjult kapittel i historia til sin eigen familie. Omtalen er utarbeidd av BS.