Forlaget skriver om denne boka:
Det forunderlege er ein ungdomsroman der vi møter ein ung gut si oppleving av dei vaknande sterke erotiske kreftene i ei brytningstid. Det er so mykje som har kome inn i livet hans. I det daglege er det handballen, kasserarjobben i laget og det han elles skal vere med på. Difor kjem særoppgåva han skal skrive, reint på tverke for Harald. Men fyrst og sist er det Ingeliv, den unge norsklæraren hans, som stel alle tankar. For hennar skuld yter han det han kan når det gjeld oppgåva han skal skrive om den gåverike oldefaren langt att i tida, husmannsguten som vart ein høgt respektert skulehaldar, kommunekasserar med meir. Denne vandringa att i tida for å finne liv og innhald til stoffet fører til mykje gransking og leiting, og gjennom alt dette forstår han meir av sine eige stormande kjensler, dei som Ingeliv har vekt i han. Og han skjønar at menneske til alle tider vert utsette for dette forunderlege som livskreftene skaper i ein i voksteråra. Harald ser óg at det er råd å bøta på det som er gale - og gå vidare i livet.
Som bakgrunn i skildringa av Harald, møter me folket hans på Sommerli, ikkje minst i den vitale bestemora Lisbet, og den trauste venen Karsten.