Forlaget skriver om denne boka:
Prestar som slår i hel. - Bønder som drep kvarandre i fylla. - Grådige munkar som utnyttar fattigfolk økonomisk. - Bryllaupsgjester som skjeller kvarandre ut og trekkjer kniven.
Det minner om sensasjonsprega avisoverskrifter, men oppslaga refererer til hendingar som ligg langt bak oss i tid. Hendingane kjem likevel tett på oss i Olav Solbergs nye bok om drapssaker, Forteljingar om drap. Boka byggjer på drapsbrev frå seinmellomalderen (1300-1550).
Den gong som nå vart drapssaker etterforska, og drapsbrev er utgreiingar om kva som gjekk føre seg ved drapet. Solberg har lese desse breva, og gjennom grundige og spennande analysar kjem han mellomaldermennesket tett inn på livet. Her er blod, sveitte og tårer, skrik og skrål, rop om hemn og bøn til Gud!
Solberg meiner at vi ikkje bør oppfatte seinmellomalderen som eit litterært tomrom, slik det har vore gjort. Det fanst ei sterk og livskraftig munnleg dikting - eventyr, segner, balladar, ordtak. Solberg viser at språkuttrykk - formlar - frå denne diktinga er til stades i dei gamle drapsbreva. Den gode drapsbrevskrivaren gjorde bruk av desse formlane - han skreiv med den munnlege diktinga klingande i øyra. I drapsbrevet møtest derfor skrifttradisjon og munnleg dikting.
Olav Solberg skriv engasjert og levande om eit uvanleg spennande emne. Forteljingar om drap er ei gullgruve for alle som har sans for gode kriminalhistorier, som er interesserte i litteratur, kultur, språk og historie - og for alle som har lyst til å lære mellomaldermennesket betre å kjenne.