Forlaget skriv om denne boka: Inn i eventyret framstiller eventyrgenren i skjeringspunktet mellom skrift og tale; eventyret er både tradisjonelt og aktuelt, alltid tilpassa forteljesituasjonen. Eventyret er forankra i ein kulturell og historisk samanheng, men uttrykker også ein fellesmenneskeleg livsvisdom: Gjort er gjort, fortida er fortid. Det som betyr noko, er kva vi gjer herifrå; korleis vi kjem oss vidare i livet.
Lesaren kan følgje dei mange hamskifte i eventyrgenren i den europeiske tradisjonen vi kjenner best - frå og med dei franske feeventyra på 1700-talet. Forfattaren analyserer kjende eventyr og stiller ulike versjonar opp mot kvarandre så ein kan sjå korleis stoffet blir brukt i nye samanhengar.
Denne solide og lettlesne boka passar for lærarstudentar og studentar i nordisk og folkeminnevitskap, og for alle andre som er interessert i eventyr.