Denne boka gir den første samla framstillinga av arkitektur i Noreg, frå telt og huskonstruksjonar i steinalderen og heilt fram til det prosjekterte operabygget i Bjørvika i dag.
Byggjeskikken er til ei kvar tid avhengig av ressursgrunnlag, skiftande samfunnstilhøve og arkitektoniske stilimpulsar, og gjennom dette grepet gir forfattarane ei kontekstuell og tverrfaglig framstilling av norsk arkitekturhistorie. I framstillinga viser forfattarane korleis det teknologiske grunnlaget for mellomalderarkitekturen blir utvikla lenge før stavkyrkjene blir reiste. I denne delen blir mykje ny forskning presentert, både om byggjeskikken i forhistorisk tid og mellomalderarkitekturen. Etter ein oppdatert gjennomgang av byggjeskikken i tidleg nytid, viser forfattarane korleis utskiftingar, industrialisering og byvekst omformar landskapet sist på 1800-talet. Dei største endringane kjem likevel inn på 1900-talet, med stor byggjeaktivitet og med gjennombrotet for modernismen. Også her blir mykje nytt prensentert, særleg om arkitekturen i 1980- og 90-åra.
Boka er gjennomillustrert med fargebilete, grunnplanteikningar og isometriske teikningar.