Forlaget skriver om denne boka:
Norsk arkitekturhistorie gir den første samla framstillinga av arkitektur i Noreg, frå telt og huskonstruksjonar i steinalderen og heilt fram til det prosjekterte operabygget i Bjørvika i dag. Boka viser korleis den norske byggjeskikken er blitt forma av ressursgrunnlag, skiftande samfunnstilhøve og arkitektoniske stilimpulsar opp igjennom hundreåra. Gjennom dette grepet gir forfattarane ei kontekstuell og tverrfagleg framstilling av norsk arkitekturhistorie.
I framstillinga viser forfattarane korleis det teknologiske grunnlaget for mellomalderarkitekturen blir utvikla lenge før stavkyrkjene blir reiste. I denne delen blir mykje ny forsking presentert, både om byggjeskikken i forhistorisk tid og om mellomalderarkitekturen. Etter ein oppdatert gjennomgang av byggjeskikken i tidleg nytid viser forfattarane korleis utskiftingar, industrialisering og byvekst omformar landskapet sist på 1800-talet. Dei største endringane kjem likevel inn på 1900-talet, med stor byggjeaktivitet og med gjennombrotet for modernismen. Også her blir mykje nytt presentert, særleg om arkitekturen i 1980- og 90-åra.
Boka er gjennomillustrert med fargebilete, grunnplanteikningar og isometriske teikningar.