Forlaget skriver om denne boka: Sviensitlittstikkandeihalsen, ellererdetangsten? Viskalhevedenhøgrearmenomvimåreddastut. Gassensivimotoss; eigrå, trugandesky. Egprøveråsjåpådeimaskekleddeskygganevedsidaavmegomdeireagerer. Inneigassmaskaerdetdårlegmedsidesyn, hettaoverderigjengjerdetikkjebedre; vernedraktaerklumpeteogtungågåi.
Slik opplever Sigrun Slapgard overlevingskurset for krigsreporterar hausten 2002. Treninga til ein varsla krig i Irak er i gang. Var krigen mot Irak basert på løgn? Og var påstanden om ulovlege våren den største løgna? Mediene var tildelte ei hovudrolle både i oppspelet til krigen og undervegs. Krigsreporterar vart innrullerte hos framrykkande soldatar, halvannan million kroner og Hollywood-design vart brukt på podiet for pressebriefingar i sentralkommandoen i Qatar. "Sanningas plattform" var namnet generalane gav dette podiet. Sigrun Slapgard skriv historia om journalistanes krig sett frå innsida av vår største fjernsynsredaksjon, og avslører løgnenes spel i den hittil mest medieførte krigen vi har sett. Dette er også ei personleg forteljing om krigens drama. Sigrun Slapgard rapporterte frå Qatar, men tar og opp dei løpande presseetiske dilemma i krigsdekninga.