KÅRE FLOKENES er den fyrste som har omsett heile «Den lengste soga om Olav Tryggvason»; eit av dei mest interessante arbeida i den norrøne bokheimen. Soga gjev oss innsyn i ulike sider ved det norrøne samfunnet som daglegliv, politikk, tru og ovtru. Ho fortel om Noreg og Island i ein avgjerande periode i historia, og ho gjev oss interessante innblikk i ulike litterære sjangrar som vart nytta i nordisk mellomalder. Arbeidet til Flokenes er såleis ein viktig milepæl. Professor Gunnstein Akselberg.