Dette er første bok i den intenst spennande Skammarserien, som no erobrar 10-14 årige fantsy-elskarar i land etter land. At hovudpersonen Dina er ei ti år gamal jente, forhindrer ikkje at dette er ei bok som appellerer like mykje til gutar som til jenter. For her er riddarar og onde fyrstar, borggårdar, forræderar og drakar. Her er eventyr og mot.
Dina har arva den eigenskapen frå mora som gjer at alle må frykte henne: Berre med blikket kan ho få folk til å tilstå kriminelle handlingar. Når Skammaren blir kalla til Dunark-borga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina kome mora til unnsetning. Heller enn å spele helt, ønskjer Dina eigentleg å vere heilt vanleg slik som den eldre broren Davin, men det går ikkje når ein er Skammarens dotter og har fått auge som ingen vanlege menneskje tør sjå inn i.