Forlaget skriver om denne boka:
Gaute Dagsson på Håbakka har vore ute i krigen mot svenskane. Heimkomen får han vita at Ingibjørg, den kjære jenta han hadde lova truskap, er avliden. Saknet av Ingibjørg og uvissa kring lagnaden hennar fylgjer Gaute gjennom heile romanen, men Gaute sin opprørsnatur fører han gjennom eit spanande og omskifteleg liv i møte med mektige storfolk i tida.
Ingibjørg er det fjerde bandet i romanserien Tusen vårar, men er ein sjølvstendig roman. Me er i Sunnhordland på midten av 1600-talet, i ei tid då den rike jordeigaren Axel Mouatt la grunnlaget for Rosendal baroni. Medan Mouatt auka eiga si, vart bygdesamfunnet meir og meir utarma. Samstundes sette krig og konflikt med svenskane sterkt preg på liv og lagnad i by og bygdesamfunn, og det mystiske i folketru og tanke hadde stor makt over folk. Ingibjørg er ein roman om bønder som elskar og hatar, og som gjer opprør mot kongemakt og ufred.