Korn er synonymt med sivilisasjon. Då villkornet tok spranget inn i åkeren, starte ei spennande historie. Korn står bak utviklinga av skriftspråk og religion, astronomi og matematikk. Korn var dei første pengane, korn la grunnlaget for byar, klassedeling og statar. Vikingane plyndra kloster for å skaffe det ettertrakta kveitekornet.
Kornforsyning har alltid vore eit grunnspørsmål i norsk historie og politikk. At landet vårt for første gong er nær sjølvforsynt med korn, er 1000-årsrekorden ingen har lagt merke til. Har verda fortsatt nok jord, vatn og gener til å auke kornproduksjonen dei neste 50 åra?
Korn er liv, mat og myte. Ei bok om korn, om gener, om naturen som vart historie.