Forlaget skriver om denne boka:
I nær femti år har Gunnar Skirbekk stått i filosofiens frontlinje. Han har kjempa seg fram frå helvetes kaos til filosofisk uro.
?Kvifor lever eg? Nettopp eg? Eg må ha ei forklaring i dette helvetes kaos.? Med dette eksistensialistiske nauddropet brakdebuterte 21-åringen Gunnar Skirbekk. Boka ?Nihilisme? ? Eit ungt menneskes forsøk på å orientere seg? ble ein filosofisk bestselgar i 1958.
Nesten et halvt hundreår seinare ? etter eit langt liv med filosofi ? kjem han med ei ny bok i same sjanger: ?Den filosofiske uroa ? i spenninga mellom tvil og tru?.
Vi menneske er spørjande skapningar. Med undring spør vi: Kvar kjem vi ifrå? Kva er vi? Kvar går vi? Med mytar, religionar og livssyn prøver vi å gi svar på spørsmål av dette slaget. Men når tradisjonane blir svekte og ulike religionar og livssyn tevlar om tilslutning, blir hevdvunne svar mindre sjølvsagde og tvilen meir påtrengande. Då blir vi innhenta av den filosofiske uroa. Gunnar Skirbekk er ei markant stemme i norsk offentlegheit og har i mange år spela ei viktig rolle i norsk filosofi. I Den filosofiske uroa nærmar han seg grunnspørsmåla i tilværet, i spenningsfeltet mellom fundamentalisme og relativisme. Dette er ei engasjert og engasjerande bok, skriven for urolege sjeler av ulikt slag, men også for dei som trur dei har svara.