Bastard
Med romanen Blind starta Lars Ove Seljestad den norske klassereisedebatten. I denne boka tar han oss med på si eiga reise ut av skyggen frå skorsteinsindustrien i Odda til det han trudde var eit opplyst liv i kunnskapens hus. Bastard handlar om erfaringa av å reisa ut, av ikkje å komma heilt fram, og av heller ikkje å komma heilt heim igjen til dei ein reiste frå.
I Bastard dreg Seljestad vekslar på si eiga biografiske erfaring, sine evner som skjønnlitterær forfattar og sine sosiologiske kunnskapar om biografi, arbeid og identitet.
I løpet av denne reisa møter vi eit industriarbeid som ikkje lenger finst, ein industrikultur som eingong var «metallisk skinande framtid», og djuptgåande refleksjonar om klassereisas innhald og meining.