I ei industribygd på Vestlandet veks dei to brørne Arne og Svein opp. Men brått er ikkje Svein veslebror lenger. Som vaksen freistar han, igjen, å skjøne det som hende den gongen. Kvifor kom Arne aldri heim frå arbeid på tjueårsdagen sin? Kva meinte eigentleg faren med det han sa? Og kva for tankar rørte seg i storebroren den skjebnesvangre natta? «Kjære bror» er ein roman om å bli vaksen, om det sårbare livet og om kjærleiken og samhaldet mellom to brør.
Kva var det eigentleg som skjedde då Arne vart borte på tjueårsdagen? Kva var det faren eigentleg meinte med det han sa til sonen? Kvifor kom Arne aldri heim igjen fra arbeidet på fabrikken? Kva var det som rørte seg i storebroren den natta alt gjekk galt?
Desse spørsmalå har følgd veslebroren, Svein, gjennom heile vaksenlivet. Med den vaksne mannens livserfaring prøver han, enda ein gong, å gå igjennom det som hende den gongen for så lenge sidan da han, bratt, ikkje lenger var ein veslebror.
Lars Ove Seljestads nye roman Kjære bror er ei klok fortelling om det sårbare livet, men aller mest er dette ei vakker skildring av kjærleiken og samhaldet mellom to brør som veks opp saman i ein liten by på den vestnorske regnkysten.