Forlaget skriver om denne boka:
DENNE BOKA HJELPER DEG TIL Å BLI EIN STØDIG NYNORSKBRUKAR. Her finn du ei oversiktleg innføring i reglar for dei ulike ordklassane, dei viktigaste prinsippa for god nynorsk, åtvaring mot dei vanlegaste fellene, og oppgåver som hjelper deg å bli stø i det du nett har lært. Boka gir også eit kort språkhistorisk riss, og er krydra med litterære godbitar frå eldre og yngre nynorsk skjønnlitteratur.
Boka vender seg til norskstudentar og lærarstudentar, og til norsklærarar og andre som treng vidareutdanning på feltet.
OLAF ALMENNINGEN er forskar ved prosjektet Norsk Ordbok ved Universitetet i Oslo, og har halde kurs i nynorsk for studentar og statstilsette i ei årrekke.